Tjenester

  • Regnskap
  • Årsregnskap/årsoppgjer
  • Lønn
  • Fakturering
  • Remittering
  • Online tjeneste - ekstern pålogging til våre system
  • Økonomimedarbeider "til leige"
  • Stifting av selskap: AS, ANS, NUF og enkeltmannsforetak.

I den seinere tid har "outsourcing" av deler av dei administrative oppgåvene, blitt stadig meir vanleg. For små og mellomstore bedrifter er det ikkje lett å ha oversikt over, og halde seg fortløpande oppdatert på endringer i alle deler av regnskaps- og lønnsregelverket. I tillegg er det kostbart med profesjonell programvare, og denne skal vedlikehaldast med nye versjonar.

Stadig fleire vil ha den tryggheita og fleksibiliteten som ligg i å knyte seg til eit autorisert byrå. Då kan ein også få hjelp til andre økonomioppgåver, som utarbeiding av budsjett, kalkyler, prosjektregnskap etc., sjølv om ein ikkje har tilsett ein eigen"ø konomisjef". Hos oss står kunden fritt til å velge kva slags oppgåver han vil utføre sjølv, og kva han vil sette bort. For dei oppgåvene som blir utført hos oss, sparer kunden penger til: programvare, årleg vedlikehald av programvare, maskinvare, kursavgifter og lønn under kurs, evt. sjukepenger til tilsett medarbeider m.m.

Stadig fleire ser seg tent med å sette bort deler av dei administrative oppgåvene.